Onsdagstur til Steinheia

Foto: Kjell Kleiven

Denne onsdagen gjekk turen til Steinheia, ein blanding av sommar og vintertur.

God temperatur, tørr og fin sti til Hjellestølen, ein liten følelse av sommar på denne delen av turen.

Frå stølen og vidare mot toppen gjekk det meir og meir over til vinter, delvis bart og delvis snø, siste delen mot varden låg snøen metertjukk over det meste.

Temperaturen på toppen var knapt på plusssida, og litt vind i tillegg gjorde til at oppholdet vart av det korte slaget.

Vi gjekk same vegen ned igjen, og frå stølen og ned kom litt av sommarfølelsen tilbake. Tross vinterdelen av turen var dette ein kjekk og fin onsdagstur som gjekk i roleg tempo både opp og ned. 18 personar og ein hund starta i lag, mens 2 personar og ein hund tjuvstarta.

Heile turen tok ca 3,5 time.

- Kjell Kleiven_

Fleire bilde her

Skrevet av Asle Veien 26. juni 2015