Vi såg no ikkje snøen....

Tur på Naregga i Naustdal
Tur på Naregga i Naustdal Foto: Ragna Renna

Regn og skodde stoppar oss ikkje frå å gå på tur. I kveld møtte vi opp elleve personar som ville på Naregga 602 moh for første gang.
Vi fekk med oss kjentmann Norvald Ospehaug som har vore med på stiprosjektet i Naustdal kommune. Alltid hyggeleg med lokalkjente som kan fortelje om turområdet vi går i. 
Litt yr i lufta frå start og faktisk tendens til opphaldsvær undervegs, men regnet kom godt på slutten. Ryktene hadde gått om ei fantastisk utsikt, som vi dessverre ikkje fekk nyte.
Takk til alle som har vore med og jobba for å merke turstiar i Naustdal, og takk til alle som var med på turen i kveld!  

- Ragna Renna -

Fleire bilde her

Skrevet av Asle Veien 18. juni 2015