14.6. Modige Spiderbarn på Hornesstølen

Foto: Jorunn Liv Kleiven

Oppover den bratte, kronglete Eventyrstien kom eit fylgje på 16 barn og 10 vaksne søndag 14.6. Blide og glade fordi sola skein, ivrige og ein smule utolmodige fordi dei hadde noko spanande i vente. Dei skulle til støls for å klatre. I bergknausane bak Hornesstølen var det rigga opp med tau, og det varte ikkje lange stunda frå første barn var på plass før det hang ein liten Spidermann i veggen. Etter kvart fekk alle utfordra seg sjølv.

Nokre syntest det berre var moro, andre tykte det var både skummelt og kjekt. Skal vi dømme ut frå dei mange, store smila var det mykje mestringsglede i lufta. Alle som ynskte det klatra fleire turar, og fekk øvd seg og prøvd seg og kjende at det gjekk lettare etter kvart. Timane gjekk fort. Då nokre foreldre tykte det begynte å bli nok stod det fortsatt barn i kø og hadde lyst til å klatre «berre ein tur til». Sistemann følte seg nok både heldig og litt engsteleg for å bli gløymd igjen i klatreveggen. Høgt oppe frå toppen av tauet gav han klar beskjed om  å ikkje bli gløymd, då familie og vener gjorde seg klare for å gå. Alle blei med tilbake, og alle er velkommen tilbake – for klatretur set vi på turprogrammet også neste år! Tusen takk til klatreinstruktøren vår Asle, som nok ein gong brukte dagen for å gje barna utfordringar og gode opplevingar!

Takk for turen!

Fleire bilde her.

Jorunn Liv Kleiven

Skrevet av Asle Veien 14. juni 2015