Dugnad på Nipebu 13. juni

Foto: Kjell Kleiven

Fredag og lørdag var det dugnad på Nipebu, tilsaman 11 personar var med og bidrog slik at vi fekk gjort det som var planlagt.

Fleire bilde her

Fredag var det bestilt helikopter som skulle fyke ut ved,gass, proviant og anna nødvendig utstyr,alt dette var køyrt til opplastingsplassen på øvre Laukeland.

Helikopteret var bestilt til kl 19.00.

Dugnadsgjengen kom til Nipebu i god tid slik at det som skulle i retur vart gjort klart.

Veiret og sikta var og hadde vore bra til no, men det skulle vise seg at det vart forandringar i so måte, Klokka nerma seg 19, og skodda kom snikande over oss, og i det vi høyrde helikopteret la den seg heilt ned på hyttetaket, vi sjønte med ein gong at dette ikkje gjekk.

Helikopteret måtte gjere vendereis denne gongen, men dei klarte å fyke ein storsekk med ved til Massbu før dei retunerte til Bringeland.

Lørdag morgon var skodda vekke og ca kl 11.00 var alt på plass ved Nipebu, veden, gassen og alt det andre kom fort på plass der det skulle vere.

Møblar og sengar vart vaska, puter og madrassar fekk seg ein luftetur, kjøkkenskåp, skuffer og proviantlageret vart rydda og vaska, utedoen lukta friskt av grønnsåpe etter ein omgang med vaskefilla.

Det var også ein del aktivitet ute rundt hytta, platningen mot øst vart utvida med ca 8 kvadratmeter, ein del torv vart lempa opp og plasert rund på hyttetaket og uthuset.

Eit nytt bilde kom også på veggen i helga, bildet er målt av Charlotte Rintler frå Stongfjorden, innramminga er ei gåve til IST frå Rikken.

Hyttestyret takkar alle for alt arbeidet som vart gjort, og ei triveleg stund på Nipebu.

Skrive av Kjell Kleiven

Skrevet av Asle Veien 14. juni 2015