IST tok alle etappande på Helse Førde Stafetten

Foto: Ragna Renna

Ny onsdagsturmål er vurdert som godkjent!

I år deltok turlaget for første gang på Helse Førde-stafetten, og vi hadde slått følge med Friskis & Svettis. Til tross for regn var det heile tretten stykker som møtte opp ved det nyinnkjøpte turlagsteltet og gjorde seg klare til tur. Triveleg med både kjente og nye turgåarar som vil vere med oss!

Vi fulgte den 10 km lange stafettløypa etappe for etappe. Først på asfalt innover mot Tefre, og etter litt kom oss ut i skog og ulendt terreng der vi likar oss best. Vi gjekk forbi barnehagen på Vie og vidare inn til Soleide. Der måtte vi ein tur utpå den nye hengebrua og teste den. Flott at den er på plass igjen! 

No stod den våtaste og sleipaste delen av løypa for tur, opp på Kletten. Ei fin runde i skogen, men været siste tida har sett sitt preg på underlaget. Det takla vi sjølvsagt fint. 

Då vi kom ned igjen til Soleide hadde dei med startnummer kome seg på plass og det vart straks meir liv og røre. Vi måtte ta ein stopp ved vekslingsfeltet mellom andre og tredje etappe ved barnehagen for å få med litt av konkurransen. Kjekt med stemning!

Så var det berre sjarmøretappa som stod igjen, og vi gjekk i mål i samla flokk. Alle vart godt fornøgde med turen. Om det var turen eller grillmaten etterpå som gjorde utslaget veit vi ikkje, men alle ville vere med på turen neste år.

Skrevet av Asle Veien 10. juni 2015