Onsdagstur til Hornesholten

Foto: Terje Jan Nes

Stien frå Erdalen opp til Holten går gjennom eit stykke natur, som sannsynlegvis ikkje er meint å ferdast i for tobeinte.

Bildet er teke på ein stad som ikkje er representativ for dette "krigsområdet" av ei fjellside.

Storm, snømengder og anna ytre påverknad har ødelagt stien som tidlegare med litt godvilje kunne kallast framkomeleg.

17 stk la lystig i veg, med lågmælte kommentarar/spørsmål som "det har vist vore nokon å rydda stien"!?

Etter nokre hundre meter opp i urskogen, var tidlegare lystige fjes omdanna spørsmålsteikn. Vi kunne i allefall konstantere at stiryddinga anten ikkje har funne stad, eller så har vedkomande gjort ein usedvanleg slett jobb. Men alle heldt maska og klorte seg under vindfall og over nedrasa røter til vi toppa ut på Holten. Dvs vi gjekk ikkje siste stykket inn til varden, for det blei for mykje snø å vampe i. Gleda var stor då vi forslo at turen nedatt skulle gå til Hornnes, og ikkje tilbake same elende.

Vi var elles alle samde om at det hadde vore ein fin tur!! :-)

Fleire bilder

Skrevet av Asle Veien 10. juni 2015