Alden 25.mai 2015

Halvvegs
Halvvegs Foto: Asle Veien

Alden, eller Norskehesten om du vil, har alltid hatt ei magisk tiltrekningskraft på alle som likar å bestige fjelltoppar. 2. pinsedag tok 56 av dei turen opp den bratte fjellsida for å nyte utsikten over skjærgarden i Sunnfjord.

Spenninga stor då vi måndag morgon sette oss i bilane i regnveret med skodda hengande tjukk ned i fjellsidene. Yr lova godver og kjentdame Astrid Landøy lokka med SMS om at det ser ut til å lysne. Og lysna gjorde det. Utsikta på bilturen vestover levna ingen tvil om noko anna, og på ferjeturen frå Askvoll til Værlandet var all tvil borte. Sola var komen for å bli.  Skoddedotten på toppen av Alden var med eitt brått borte og. 

Vel framme vart vi skyssa i  fleire båtar over til Alden. Frå hamna gjekk vi i lang, lang rekke oppetter den bratte fjellsida. Stien er god, men såpass bratt at det var naudsynt med eit par pausar for å få igjen både pusten og samstundes nyte utsikta. Med i følgje var og nokre songglade vandrarar som stemte i blant anna  «No livnar det i lundar» og «Mellom bakkar og berg».  Men utsikten over øyriket gav akkurat desse songane ein ekstra dimmensjon til pausen.

Etter vel 300 høgdemter flata det litt ut og vi var oppe på platået.  Kring tjue minuttar seinare fekk samtlege 56 deltakarar betalt for strevet i det Alden viste seg frå si beste side på toppen. I solskinn, vindstille og med ei formidabel utsikt i alle himmelretningar kunne vi ta av sekkane og finne fram nisten. Frå toppen ser ein det meste av skjærgarden og kysten i Sunnfjord og deler av ytre Sogn.     

Etter ein god halvtime på toppen bar det nedatt same stien, i litt høgare tempo. Vel nede igjen vart vi henta igjen av båtane og frakta tilbake til ferjekaien og hamna i Værlandet. På tilbaketuren fekk nokre av oss sjå både kval og ørn. Eit flott punktum.

For andre var det eit flott punktum å kunne sitje i den varme maisola på dekket og nyte ferjeturen heimatt, og siste rest av nisten, medan vi passerte på sørsida av Alden. Der oppe var vi!

Fleire bilde her

Skrevet av Asle Veien 26. mai 2015