Populære turar med gudsteneste

Foto: Erling Nydal

Tilsaman 180 personar har delteke på årets seks turar med utegudsteneste.


Siste turen i år gjekk til Hunsrasta ved Bekkjavatnet 2. juledag. Då tok 15 personar anten skia eller føtene fatt og rusla gjennom snøen frå Langeland og ned til Hunsrasta.

- Vi hadde veldig god tid så julekrybba blei laga av snø. Alter blei sett opp og den sjette utegudstenesta/sportsandakten blei gjennomført dette året, fortel ungdomsprest Erling Nydal.

Turane med med friluftsgudsteneste kom i stand etter eit initiativ frå Førde sokneråd. Turane har gått til ulike turmål rundt Førde. Flest deltakarar var med til Hjellestølen då kring 70 personar deltok. 

Vi satsar på nye turar med friluftsgudstenester i samarbeid med Førde sokneråd og ungdomsprest Erling Nydal også i 2018. Kontaktperson og turleiar frå IST har vore Jan Roar Sekkelsten. 

Foto: Erling Nydal
Foto: Erling Nydal