Kjell Arne attvald som leiar

Kjell Arne Hjellbrekke, leiar i Indre Sunnfjord Turlag.
Kjell Arne Hjellbrekke, leiar i Indre Sunnfjord Turlag.

Kjell Arne Hjellbrekke er attvald som leiar i Indre Sunnfjord Turlag. Det same vart hovudstyret. 

IST heldt årsmøte sist fredag, 17. november, på Førde Gjestehus og Camping. I alt møtte 34 røysteføre medlemmer, i tillegg til leiar i Sogn og Fjordane Turlag, Marino Ask.

Nytt sti- og merkeutval

Utanom dei ordinære sakene, gjorde årsmøtet to viktige vedtak.  Det vart oppretta eit eige sti- og merkeutval som får eit formelt ansvar for å planlegge og organisere merking og skilting av dei T-merka stiane til Indre Sunnfjord Turlag. I handlingsplanen for 2018 har styret sagt at det første målet er å få re-merka stiane til og frå dei tre hyttene våre. Det nye utvalet som vart vald av årsmøtet er samansett av Atle Holsen (leiar), Kjell Befring og Knut Skurtveit.

Organisasjonsmedarbeidar

Elles vedtok årsmøtet å setje av 250.000 kroner til tilsetting av organisasjonsmedarbeidar. IST er i samtalar med Sogn og Fjordane Turlag om det er mogeleg å få til spleiselag mellom IST, SFT og andre lokallag om ei deltidsstilling ved turlagskontoret i Førde. Planen er at ei slik stilling skal avlaste tillitsvalde i IST med ein del administrativt arbeid som t.d. søknadsskriving, rapportering og hjelp til organisering av arrangement. 

Styret har fått eit forslag frå SFT til samarbeidsavtale der det vert lagt opp til ei tre-årig prosjektstilling. Dette vil vere eit stort økonomisk løft for IST, og styret vil gje saka ei grundig behandling før vi konkluderer med om vi skal gå vidare med planane og eventuelt på kva slags måte.

Handlingsplanen for 2018 som vart vedteken av årsmøtet kan du lese her.

Medlemsrekord

Frå årsmeldinga - som du kan lese her - har vi saksa følgjande nøkkeltal:

Pr. 1. november 2017 har vi 2001 medlemmer. Til samanlikning hadde vi i for ti år sidan 1129 medlemmer.

Flest medlemmer har vi i Førde kommune der 8,7 prosent av innbyggjarane er medlemmer i IST/DNT. Deretter følgjer Jølster med 8,0 prosent, Askvoll med 6,4 prosent, Gaular med 5,0 prosent, Fjaler med 4,4 og Naustdal med 4,3 prosent.

Høgt deltakartal

Så langt i 2017 har vi arrangert 165 turar/aktivitetar. 66 av desse er i regi av Barnas Turlag. I alt vart 27 turar avlyste, hovudsakleg på grunn av dårleg vêr.  Totalt har vi registrert 4418 deltakarar på turane/arrangementa våre.  Det er ein oppggang i frå året før, og nesten rekord. Berre i 2009 har vi hatt fleire deltakarar på turane våre (5271). For ti år sidan var deltakartalet 2395.

Rekord på Longevasshytta

Derimot vart det sett besøksrekord på Longevasshytta med 463 overnattande i 2017. På Nipebu overnatta 314 personar, medan 27 sov på Massbu. I alt er det registrert 804 overnattingar og 106 dagsbesøk på dei tre hyttene våre i 2017.

Økonomien i 2017

Årsrekneskapen vart gjort opp med eit underskot på 214.629 kroner. Det skuldast at vi  først i 2018 får utbetalt to tilskot på tilsaman 408.000 kroner til utviding av Longevasshytta.

Tillitsvalde i IST 2018

Etter at årsmøtet samrøystes vedtok valnemnda sitt forslag, har Indre Sunnfjord Turlag følgjande tillitsvalde i 2018:

Hovudstyret: Kjell Arne Hjellbrekke (leiar), Roy Raasholm Fauske, Anita Rennestraum, Geir Andvik og Ronny Iden. Vara er Lydia Nesje, Vigdis Flaten Kvamme og Jorunn Vågen. Årsmøtet vel leiar, medan styret konstituerer seg sjølve.

Barnas Turlag: Steffen Ben Jonstad (Førde, ny leiar), Kristin Syltesæter (Førde), Christine Nikøy Rogne (Fjaler), Ronny Kjøde (Jølster), Anne Grethe Lien (Askvoll), Linda Merete Sunde Karlsen (Fosseheimen Gaular). Vara: Torill Hukset (Naustdal). 

DNT Ung Indre Sunnfjord: Anders Nesse (leiar), Bendik Haaland Schei, Mads Aasen, Markvard Årset. Vara: Håvard Sandal Høyvik.

Bre- og fjellsportgruppa: Per Tore Meier (leiar), Asle Veien, Roy Samsonstuen og Frode Hatten. Vara: Jorunn Vågen.

Seniorgruppa: Sigrid Gjelsvik (leiar), Edith Falkenstein, Odd Skrede og Anders Bergseth. Vara: John Lien.

Hyttestyret: Kjell Kleiven (leiar), Per Tore Meier, Anders Terje Vie og Arnfinn Valaker. Vara: Mariann Svingen.

Sti- og merkeutvalet: Atle Holsen (leiar), Kjell Befring og Knut Skurtveit. 

Valnemnd: Jan Roar Sekkelsten (leiar). Årsmøtet gav styret fullmakt til å oppnemne to andre medlemmer.

Revisorar: Marit Nikø og Bjarte Erdal.

Økonomiansvarleg i IST, Ronny Iden, orienterer om rekneskap og budsjett.
Økonomiansvarleg i IST, Ronny Iden, orienterer om rekneskap og budsjett. Foto: Roy Raasholm Fauske