Desse fekk gåvekorta i TiTur Indre Sunnfjord

Vinnarane av gåvekorta fekk overrekt premiane på årsmøtet til IST fredag 17. november. Frå venstre Roy Samsonstuen, Kristine Sølvberg, Janne Vedvik Frøysland og Børge Follevåg.
Vinnarane av gåvekorta fekk overrekt premiane på årsmøtet til IST fredag 17. november. Frå venstre Roy Samsonstuen, Kristine Sølvberg, Janne Vedvik Frøysland og Børge Follevåg. Foto: Roy Raasholm Fauske

Alle fire fekk gåvekort på 1000 kroner kvar frå Din Sport i Førde.

I år leverte  110 personar inn turkort etter å ha vore på alle ti toppane. Blant desse vart det altså trekt ut tre gåvekort til: Kristine Sølvberg (Førde), Janne Vedvik Frøysland (Førde) og Roy Samsonstuen (Førde). I tillegg vart det trekt ut eitt gåvekort blant dei som bidrog med bilete på Instagramkontoen vår - #istitur17. Vinnaren her vart Børge Follevåg (Førde). Sjå biletet hans lenger nede på sida.

Stor takk til Astrid Kalstveit på kontoret til Sogn og Fjordane Turlag. Ho har synt stor velvilje og teke imot korta og delt ut panneband og brettekoppar til alle som leverte inn kort.

I indre deler av Sunnfjord var 2017 andre året med TiTur-tilbod. Det starta i fjor som TiTur Førde, men i år skifta vi namn til TiTur Indre Sunnfjord då vi plasserte ut turbokkassar og bøker også i Jølster, Gaular og Naustdal.

Det vart registrert 5997 namn i TiTur-bøkene i indre Sunnfjord.

Besøket fordeler seg slik (registrerte i appen i paranets):

  •  Storhesten:                 1512   (119)
  •  Førdsnipa:                  1122   (133)
  •  Tindefjellet:                  615   (101)
  •  Middagsfjellet:            599   (105)
  •  Smådalsnipa:               447   (150)
  •  Venevassegga:              447    (96)
  •  Sandegga:                     348    (88)
  •  Blåfjellet:                      320   (104)
  •  Kjelstadnakken:          319     (78)
  •  Einehaugfjellet:          268     (79)

Under kan du sjå eit lite utval bilete som er sende inn til Instagram-kontoen vår. 

Dette biletet gav fotografen eit gåvekort på 1000 kroner. Vi ser Trodalsvatnet frå Einehaugfjellet.
Dette biletet gav fotografen eit gåvekort på 1000 kroner. Vi ser Trodalsvatnet frå Einehaugfjellet. Foto: Børge Follevåg