Saklista  til årsmøtet og årsmeldinga

Foto: Kjell Befring

Her kan du lese saklista, årsmeldinga og forslaget til handlingsplan som skal behandlast på årsmøtet førstkomande fredag 17. november.

ÅRSMØTE INDRE SUNNFJORD TURLAG 2017

Fredag 17. november kl 18:00

Førde Gjestehus og Camping på Kronborg i Førde


Sakliste:                            Skriv ut saklista her!

1. Konstituering             a) godkjenning av innkalling

                                               b) godkjenning av sakliste

                                               c) val av ordstyrar

                                               d) val av sekretær

                                                e) val av to til å skrive under protokollen

2. Årsmelding     Den kan du lese her!         

3. Saker til årsmøtet 2017           

Vedtektsendring

Styret ønskjer å opprette eit sti- og merkeutval. Det  krev endringar i vedtektene. 

 Paragraf 4,  underpunkt H i vedtektene får  nytt bokstavpunkt g) med følgjande ordlyd: Velje sti-  og merkeutval med tre medlemmer som vert valde for to år, der årsmøte vel ein av desse som leiar for to år. Eitt varamedlem vert vald for eitt år.            

4. Rekneskap

5. Årleg handlingsplan for 2018     Forslag til handlingsplan les du her!

6. Budsjett 2018            

 7. Val

                                              Ca klokka 19.30 mvert det servering av pizza.

Etter årsmøtet vil fjærlendingen, eventyraren og klatraren Jarle Mundal ta deg med på fjelltur. Han er på veg til å nå dei høgaste fjelltoppane på alle verdas sju kontinent. Han har vore på Kilimanjaro,  Aconcagua og Mt. Denali​​​​​​​. Mundal  syner bilete og fortel litt om turane, hovudsakleg frå den siste.