Tur til Rondane gav oss medlem nr. 2000 

Foto: Astrid Iren Solheim Korsvoll, Firda

Familien Heieren Romarheim vart medlem nr. 2000 i Indre Sunnfjord Turlag. Vi gratulerer!

Det var etter ein tur til Rondane i lag med besteforeldra i sommar, at Alexander (8) og veslesøstera Madeleine (5) verkeleg fekk tent turgleda.

Det var etter turen til borna at familien bestemte seg for å melde seg inn i turlaget. Mor Marie Heieren og far Arild Romarheim melde heile familien inn gjennom eit familiemedlemskap.

– Turlaget har ein del organiserte turar for born, noko vi synest er kjekt å vere med på. Det blir meir sosialt når ein blir med på slike organiserte turar, seier far Arild Romarheim til Firda.

Familien vart inviterte til turlagskontoret av leiar i Indre Sunnfjord Turlag, Kjell Arne Hjellbrekke. Her vart dei gjort stas på i form av blomehelsing og gåver som huer, panneband, bøker, DNT-nøkkel og gåvekort på overnatting på ei av hyttene våre.

Heile historia til familien Heieren Romarheim kan du lese på nettsidene til Firda.


Foto: Astrid Iren Solheim Korsvoll, Firda