Måneskinn og mørkeorientering

Foto: Torill Hukset

Omlag 40 born og 17 vaksne tok turen til Kletten i Naustdal der dei var med på mørkeorientering  i fantastisk måneskinn torsdag kveld.


Det var nesten litt magisk stemning ved bålet og i løypa som månen som var med å lyste opp.

Etter turen fekk alle varm saft, og sidan vêret og stemninga var så god, leika borna rundt i buskene på området. Det er spennande å leike i mørket.

Takk til alle for ein fin kveld!

Tekst og foto: Torill Hukset