Innkalling til årsmøte

Foto: Kjell Befring

Fredag 17. november kl 18.00 vert det halde årsmøte i Indre Sunnfjord Turlag.

Årsmøtet vert halde på Førde Gjestehus og Camping på Kronborg i Førde.

Vanlege årsmøtesaker.

Saker du ønskjer å ta opp på møtet må vere styret ihende innan fredag 3. november. 

Det vert matservering og gåve til alle som møter.

I starten på møtet vil vi dele ut dei fire gåvekorta som er trekte ut blant deltakarane i årets TiTur Indre Sunnfjord.

Etter årsmøtet vil fjærlendingen, eventyraren og klatraren Jarle Mundal ta deg med på fjelltur. Han er på god veg til å nå dei høgaste fjelltoppane på alle verdas sju kontinent - Seven Summits.  Hittil har han vore  Kilimanjaro, Aconcagua og Mt. Denali​​​​​​​. Mundal seier han vil syne bilete og fortelje litt om turane, hovudsakleg frå den siste. Litt om førebuingar, motivasjon og kva mål han har. Ja, litt om mangt, eigentleg, som han sjølv seier det. 

Sjå ein smakebit frå turane under.