Hyttetur i haustferien?

Longevasshytta.
Longevasshytta. Foto: Atle Holsen

Drøymer du om å reise til fjells og leve hyttelivet i haustferien? Du trenger ikkje reise langt for å oppleve det – nesten heilt gratis.

Indre Sunnfjord Turlag tilbyr opphald og overnating på tre flotte hytter i nærområdet; Longevasshytta, Nipebu og Massbu. Alle tre er relativt lett tilgjengelege og ligg i vakkert fjellandskap.

Longevasshytta er nyleg utvida og oppussa. Både den og Nipebu er sjølvbetjente og har såleis proviantlager og elles alt du treng. Massbu er ei noko mindre ubetjent hytte, dvs at den ikkje har proviantlager. Alle tre hyttene er ulåste og kan brukast året rundt.

Meir om hytte kan du lese her ved å klikke på hyttenamnet:

Longevasshytta - Nipebu - Massbu

Korleis finn du hyttene våre?

Omtale av turrutene fram til hyttene finn du på ut.no ved å søke på hyttenamn.  Men ei kjapp rettleiing kan du lese her: 

Nipebu:

Ligg ved Langevatnet i Askvoll kommune, ca 500 moh. Dei tre mest brukte stiane til hytta er;

  • Køyre til Rivedal, der det er gode parkeringstilhøve (parker ved kraftverket). Start med å gå anleggsvegen opp til inntaksdammen. Vidare inn Vagstaddalen, på nordsida av Atlevatnet og opp til Langevatnet.
  • Frå Førdefjordsida køyrer du til Markavatnet. Ta den nye grusvegen inn til bommen. Der kan du parkere ved kraftstasjonen Gå opp grussvegen til du kjem til eit kryss. Der tek du til høgre, for så å ta til venstre, står skilt til Nipebu. Gå forbi Krokavatnet og opp på vestsida av Fossedalshengenipa, før du svingar vestover på sørsida av Langevatnet.
  • Frå Dale parkerer du ved brufestet på Ottersteinen på parkeringsplass. Gå den nye og merka stien til Fossevika. Deretter følgjer du merka sti til Nipebu.

Longevasshytta:

Ligg aust i Naustdal kommune, mellom Inste Longevatnet og Vassvendevatnet, ca 800 moh. Det er mange fine ruter inn til Longevasshytta, både frå Ålhus, Naustdal, Gjengedalen, Sandane (Fitjestølen) og Myklandsdalen.

  • Den vanlegaste og kortaste vegen til Longevasshytta er frå Årdalen i Jølster. Køyr til Erikstad og vidare innover bomvegen på høgre side av elva heilt til Legestøylen. Like før stølen er det ein inngjerda parkeringsplass. Stien vidare opp bakkane til Stegsvatnet og heilt til Longevasshytta er godt merka. Når du kjem til hyttene ved enden av Stegsvatnet held du vestover og på venstre sida av Kupevatnet. Etterkvart får du Vassvendevatnet på venstre side og passerer ei kort bru før du ser hytta rett fram.
  • Frå Naustdal er nok stien dårlegare merka og ikkje så tydeleg. Denne ruta vert mest nytta på vinterstid. Køyr  til inste garden, Nes i Naustdal. Ta vegen opp til høgre og parker på parkeringsplassen på høgre side. Herifrå er stien til Longevasshytta godt merka, men mindre tydeleg etterkvart. Bortsett frå Vonavatnet som vert passert på høgre sida, skal du halde til venstre for både Gotdalsvatnet, Ytre Langevatnet og Inste Langevatnet.

Massbu:

Ligg på Øvre Laukelandsstølen i Gaular kommune, mellom Dalsfjorden og Førdefjorden, ca 400 moh.

  • Du kan køyre skogsvegen (bomavgift) opp til Nedre Laukelandsstølen til parkeringsplassen ved brua over Storeelva.  Derifrå er det merka sti opp til hytta.

Når du kjem frå Dale, parkerar du ved brufestet på Ottersteinen på tillaga parkeringsplass. Gå den nye og godt merka stien til Fossevika. Denne er også startpunkt for turen til Nipebu. Frå Fossevika vidare opp bakkane til Kleiva. Deretter langs Fossedalselva til rett forbi hytta Elraki på venstre side av vegen. Her et det sett opp skilt til Massbu. Vidare følgjer du den nye og godt merka stien til Brendeheiknappen i aust med flott utsikt til Dale. Deretter følgjer du raudmåla pålar ned lia mot aust. Her møter du skogsvegen på Laukeland. Denne følgjer du til Nedre Laukelandsstølen. Det står skilt i vegskiftet. Så går du nordover siste kilometeren til Massbu på merka sti.