Nytt liv i Barnas Turlag på Værlandet og Bulandet

Foto: Roar Landøy

Etter ein pause kan vi igjen gi borna på øyane tilbod om turar og aktivitetar. 

Aktiviteten i Barnas Turlag på Værlandet og Bulandet har lege nede eit par års tid. Men i sommar tok småbarnsfar Roar Landøy initiativ til å starte opp igjen laget. Han har sjølv to born i alderen 6 og 8 år som sakna dette tilbodet.

Den første turen for laget i år gjekk til Myrvågen på Værlandet, ca. 1 km.

Landøy fortel at litt av formålet med turen til Myrvågen var å nytte eit kamskjel som Bulandet og Værlandet grendalag har fått plassert der. Der er og anledning til å grille der.

I litt skiftande vêr møtte det opp seks born og fem vaksne.

Landøy seier han har fått gode tilbakemeldingar på at Barnas Turlag er aktivt att. Planen er å arrangere ein tur i månaden.

Barnas Turlag Værlandet og Bulandet har no eiga Facebook-side der dei annonserer turane og publiserer bilete og tekst frå turane.

Landøy er leiar for laget og har fått med seg Eli-Tove Råheim i styret.

Lurer du på kva Barnas Turlag kan tilby, kan du lese meir her: https://www.dnt.no/barn/

Barnas Turlag på Værlandet og Bulandet er ein del av Indre Sunnfjord Turlag, som frå før har tilsvarande tilbod i Askvoll, Fjaler, Naustdal, Førde, Gaular og Jølster. 

Hovudstyret i IST gratulerer og gler seg på vegner av borna i Værlandet og Bulandet.