Ein nydeleg haustdag i vakre Nordfjord

Utsikta mot Sandane frå Ryssdalshornet
Utsikta mot Sandane frå Ryssdalshornet Foto: Ukjendt hyggeleg gloppar på tur
Turfølgjet på 12 + ein hund klare for tur
Turfølgjet på 12 + ein hund klare for tur Foto: Lydia Nesje
Første rast på Ryssdalsstølen
Første rast på Ryssdalsstølen Foto: Lydia Nesje
Flotte haustfargar på Ryssdalsstølen
Flotte haustfargar på Ryssdalsstølen Foto: Lydia Nesje
Ny sherpa-sti oppover ura
Ny sherpa-sti oppover ura Foto: Lydia Nesje
Utsikta er upåklageleg
Utsikta er upåklageleg Foto: Lydia Nesje

Turfolket er enno ikkje ferdige med fjellskosesongen, denne haustdagen kom det turglade frå Måløy, Bremanger, Sandane, Høyanger, Førde og Jølster.

12 personar + ein hundekvalp på 8 mnd starta friskt opp bakkane frå Ryssdal kl 10.30 i nydeleg solskin. Grusvegen opp til Ryssdalsstølane tok vi i roleg tempo, vi var alle einige om at på ein så flott dag har vi god tid og bryr oss ikkje om klokka.  Første rast på stølen før turen gjekk vidare oppover i bratt skog, den noko ulendte ura hadde fått nye sherpa-trinn så den forserte vi lett. Det bratte partiet med vaier vart ei utfordring for den vesle kvalpen, då tok Dag Nestegjerde regi og bar kvalpen oppover bakkane. Over skoggrensa opnar landskapet seg og vi fekk ei storslagen utsikt nedatt til Sandane. Ny pause med utsikt og solvarme, hund + eigar stoppa der og venta til vi kom nedatt. Vidare oppover i kupert terreng og ur, praten gjekk jevnt og trutt, ein sosial og triveleg gjeng. Vel oppe ved varden kunne vi nyte utsikta mot Breimsvatnet, Snønipa, Gjegnen osv. Ei lang rast i sola og vi var einige om at denne flotte dagen hadde vi fortjent etter ein temmeleg våt sommar. Ein kjekk gloppar tok fellesbilde av oss, så tusla vi bortover til høgste punktet på 1201 moh, herifrå flott utsikt til Skjorta.

Turleiar Lydia Nesje takkar alle for turen og syns det var ekstra kjekt at det kom folk frå mange stader i vårt flotte fylke.


 

Den vesle firbeinte treng kvile
Den vesle firbeinte treng kvile Foto: Lydia Nesje
To kjekke karar i flokken vår
To kjekke karar i flokken vår Foto: Lydia Nesje
På ved nedatt frå høgste punktet
På ved nedatt frå høgste punktet Foto: Lydia Nesje
På heimveg langs Breimsvatnet med utsikt til Skjorta
På heimveg langs Breimsvatnet med utsikt til Skjorta Foto: Lydia Nesje

Skrevet av Lydia Nesje 23. september 2017