Ein sommar er over

Årets siste onsdagsturfølgje samla ved gapahuken på Hunsrasta
Årets siste onsdagsturfølgje samla ved gapahuken på Hunsrasta Foto: Jan Roar Sekkelsten

Frå tidleg i mai til seint i september inviterer Indre Sunnfjord Turlag til onsdagsturar. Og like tru mot tradisjonen er det at siste turen er lagt til bymarka med ein runde rundt Bekkjavatnet med innlagt stopp for å ete grillmat på Hunsrasta. Vi gjorde ikkje noko unnatak i år heller.

Onsdagsturane våre kjenner ingen atterhald anna enn det som har med tryggleik å gjere. Så med Terje Mo som turleiar var det ingen tvil om at denne kvelden skulle gå etter programmet sjølv om det regna kraftig då oppmøtetida var der. Terje er kjent for sine nesten daglege runder rundt Bekkjavatnet med fotoapparat, og då var det ingen grunn til å avlyse og gå på kafé i staden.

Mens dei gjekk langst vatnet letta skydekket vestfrå, og vel framme ved gapahuken på Hunsrasta der grillen sto klar og venta, var regnveret i ferd med å gi tapt. Praten gjekk friskt, vitsane skapetr latter og både pølser, marshmellows og ein twistpose på rundgang gjorde at tida gjekk fort. Etter ein time var det klart for oppbrot for å komme seg tilbake til bilane før mørkret senka seg.

I alt var det tretten stykker med på denne avslutingsfesten i skogen. Åtte vaksne var med turlaget, mens eit par store og fire små kom frå Jølster på eige initiativ. Det gjorde ingen skilnad. Turfolk er turfolk, og både naturen og gapahuken var stor nok til alle.

Gapahuken på Hunsrasta ga ly mot regnet og god stemning mellom turfolket denne kvelden
Gapahuken på Hunsrasta ga ly mot regnet og god stemning mellom turfolket denne kvelden Foto: Jan Roar Sekkelsten
Sola vann over regnveret ved  Bekkjavatnet denne gongen òg
Sola vann over regnveret ved Bekkjavatnet denne gongen òg Foto: Jan Roar Sekkelsten

Skrevet av Jan Roar Sekkelsten 20. september 2017