Til topps i solnedgangen

Kva er vel vakrare enn ein tur på Eikåsnipa i solnedgangen?

Vi var 10 turgåarar og 1 hund som køyrde opp i Flugedalen og starta turen der. Turen gjekk oppover i herleg kveldssol, vindstille var det og. Vasspåfylling på Kvamsbakkestølen. På toppen stod det ein turgåar og venta på resten av turfølgjet, så då vart vi 11 som gjekk heimigjen derifrå. Ein fantastisk flott onsdagskveld i september. 

Helsing turleiar Frida Mulen