Fekk oppleve storslagen utsikt

Foto: Kjell Arne Hjellbrekke

Turen til Munkesva vart i staden til turen Rørvik –Blegja og innover Heilefjellet  og nedatt til Marka (Ospelia). Dette var eit rett og godt val.

11 var med på turen og fekk ei fin turoppleving i perfekt turvêr.

Etter ca 3,5 timar var alle komme til topps, og kunne nyte utsikten og medbrakt niste.

Etter ein god pause gjekk turen vidare innover på steingrunn i kupert terreng. Turfølgjet tok ein  kort avstikkar frampå kanten for å ta Munkesva i nærsyn. Her tok vi og ein kvil og såg oss omkring i det mektige landskapet. Vidt utsyn frå langt vest i havet til Brosviksåta og innover mot Snønipa langt bak i horisonten I nordvest dei mektige  fjella i Bremanger.

Nedatt var det litt glatt på steinane her og der, før vi kom inn i ein haustkledd bjørkeskog (sopp fann vi og).

Etter ca ni timar var denne svært vellykka turen unnagjort.

Helsing turleiar Kjell Arne Hjellbrekke