Har du forslag til turar i 2018?

Foto: Vigdis Flaten Kvamme

Ja, då vil vi gjerne høyre frå deg.

Styret har alt starta arbeidet med å setje opp eit turprogram for 2018. I år startar vi arbeidet ekstra tidleg, då målet er å få publisert programmet vårt alt rundt årsskiftet. Slik får vi også med oss alle vinterturane våre.

Programmet vert publisert både på nett og i eit eige hefte som vert sendt medlemmane i posten.

Når vi no skal setje opp neste års program ønskjer vi flest mogeleg innspel frå medlemmane våre. Korte og lange turar. Krevjande og lette turar. Turar som passar alle. Fottur, skiturar, trugeturar, klatring, brevandring, padling, hytte til hytte-tur. Berre fantasien set grenser. Du må gjerne føreslå turar også utanfor Sunnfjord. Vi vert glade for alle turforslag. Du kan anten gå inn på Facebook-sida vår og skrive inn forslaget ditt der eller du kan ta kontakt på:  isturlag@gmail.com

Siste frist er 01.10.17