Fin og tørr tur til Skogstadfjellet

Foto: Kjell-Arne Hjellbrekke

Åtte personar, pluss to hundar, deltok på onsdagsturen til Skogstadfjellet i Angedalen.

Vi gjekk opp frå Grimeland og rett mott toppen, med ein kort stopp der Hågastølen ein gong låg,  men  som naturen no har tatt tilbake.

Nokre av oss fekk oppleve ørn på nært  hald i det vi  kom opp på ryggen som fører til toppen. Her letta ei ørn på ca 50 meters hald og glei forbi oss.

Skodda dreiv litt på toppen, men utsikta var gansk bra.

Nedatt gjekk turen om Grimelandstølen. Og etter 2,5 timar var vi nede att, og det utan og fått ein regndråpe på oss.

Tekst og foto: turleiar Kjell-Arne Hjellbrekke