Onsdagstur til Drøsinga

Ved varden 1086 moh
Ved varden 1086 moh Foto: Atle Holsen
Ved flyttblokka "Mannen"
Ved flyttblokka "Mannen" Foto: Atle Holsen
Varden
Varden Foto: Atle Holsen
Utsikt mot vest: Nydal, Husetuft, Høgset og Viskedal ved Holsavatnet
Utsikt mot vest: Nydal, Husetuft, Høgset og Viskedal ved Holsavatnet Foto: Atle Holsen
Sola bryt igjennom
Sola bryt igjennom Foto: Atle Holsen
Ferdig med glatte berg i Manneskaret
Ferdig med glatte berg i Manneskaret Foto: Atle Holsen

Skal, skal ikkje ?

 Turleiar hadde annonsert alternativ tur i området sidan nedturen frå Drøsinga ikkje er heilt ok på glatte berg ved nedbør. Med berre fire i følgjet og eit godt sikringstau i sekken meinte vi at det skulle gå bra likevel, og dei førstegonsbesøkande var veldig motiverte. Ei lita byge i «klyvet» skremde oss ikkje, og snart kjempa sola med å bryte gjennom elingane i vest slik at Myklevatnet kom til syne under oss. Vi prøvde å prate med «Mannen", men fekk ikkje respons. Varden på 1086 var der han skulle vere, og turboka var tørr og fin i kassen. I vest var det like tjukt og vått slik at utsikten ikkje vart som vi hadde ynskt oss, men sola kjempa meir og meir og gav spennande lys i regnet der ute. På berga i Manneskaret garderte vi oss med tau og litt rumpeaking til vi var på trygg grunn. Snart vassa vi myrane til stølen på Gulefjellet der det vart tid til å sjå inn i eit sel frå gamle dagar. Så var det berre nokre minutt på god sti tilbake til bilane kl 21, og alle var samde om at det hadde vore ein fin tur. Yr.no bomma mykje, men det gjorde ikkje vi. No har du og vore på Drøsinga, Torill (og Nina og Øyvind). Observasjonar undervegs: ei orrhøne, ein hjort, to ryper og ti seine molter. 



Ref  Atle Holsen,
Tlf. 907 29826

Skrevet av Lydia Nesje 1. september 2017