Onsdagstur til Fløyen

Utsikt frå Fløyen
Utsikt frå Fløyen Foto: Anita Rennestraum
Foto: Anita Rennestraum
Flott utsikt nedatt til Dalsfjordbrua
Flott utsikt nedatt til Dalsfjordbrua Foto: Anita Rennestraum

Endeleg ein onsdag med nydeleg sommarvær.

Onsdagstur til Fløyen


Ein gjeng på 16 møtte ved Ottersteinen klar for tur til Fløyen. I herleg sommervær vandra vi oppover. Vel to timar seinare, med nokre pustepauser og fotostopp var vi oppe.

Alle tok seg tid til å nyte utsikta og medbrakt niste. Etter ein halvtimes pause gjekk vi nedover att. Litt glatt nokre stader var det så vi gjekk roleg i dei bratteste partia. Vel nede i skogen tok det alt til å skymast. Men alle var vel framme på parkeringa med ein etter ein time og trekvarter. Sprek og kjekk gjeng å ha med på tur.

Takk for turen!

Ref Anita Rennestraum



Skrevet av Lydia Nesje 14. august 2017