Onsdagstur til Middagsfjellet

Stengt bom ved Jølster Skisenter hindra tur til Kvamsfjellet, mange flotte fjell rundt oss og vi valde å endre turmål til Middagsfjellet.

Ein positiv gjeng på 7 + ein hund møtte opp for å gå på Kvamsfjellet, men bommen hadde gått i lås, det hindra ikkje dei turglade, alle tykte det var greitt å endre til Middagsfjellet. Vi køyrde opp bomvegen i Gjesdalen og starta oppover i lettskya ver, men vestlandsveret vi har for tida sytte for nokre gode byger undervegs utan at dette på nokon måte hindra turgleda. Ein sprek gjeng brukte litt over ein time på turen opp, ein liten pause ved varden med natronkake og ein god prat, så tusla vi nedatt og var godt nøgde med dagens trimtur. Takk for turen.

Ref og bilder Lydia Nesje

Skrevet av Lydia Nesje 2. august 2017