Trugetur til Klungeren

Fellestur

Dato
28. januar kl. 10:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer for
Alle
Arrangør
Indre Sunnfjord Turlag

Søndag 28. januar blir det trugetur til Klungeren. Oppmøte på Esso i Førde kl 10.00. Frå Esso køyrer vi i privatbilar til parkeringsplassen ved Masdalsgjerdet. Avgang derifrå kl 10.30.

Frå parkeringsplassen og til toppen av Klungeren følger vi stort sett den vanlege ruta som blir brukt når ein går på ski. Kor lang tid denne turen tar er avhengig av underlaget, men det blir lagt opp til eit normalt roleg tempo. Turtid ca 4 timar. Flott utsikt frå toppen.

Hugs å ta med varme klede og niste.

Turleiar er Roy Raasholm Fauske.

Kontaktinformasjon:

  • Roy Raasholm Fauske
  • Tlf. 970 55 206