Nyttårstur til Hafstadfjellet

Fellestur

Dato
31. desember kl. 13:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer for
Alle
Arrangør
Indre Sunnfjord Turlag

Tradisjonstur på årets siste dag til Hafstadfjellet med bålbrenning. Avgang frå Bruland kl 13 nyttårsaftan. 

For mange er det blitt fast tradisjon å markere siste dagen i året med tur på Hafstadfjellet, bålkos og litt allsong. Vi går nesten uansett vêr og føre, men desse to faktorane avgjer om det vert bål på toppen eller om vi vert tvungne til kveike bålet lenger nede, i ly for vind og vêr. 

Du vel sjølv om du vil gå på føtene, truger eller ski, Ta gjerne med akebrett om du har lyst til at det skal gå litt fortare nedatt. 

Elles oppmodar vi alle om å ta med nokre vedkubbar i sekken, slik at vi har nok til eit bål vi kan kose og varme oss rundt. Ta gjerne med litt julekaker og gløgg i termosen til eigen niste. 

Turen høver for alle aldersgrupper. Vel møtt!

Turleiar er Kjell Arne Hjellbrekke, tlfnr 958 27 976.

Kontaktinformasjon:

  • Jorunn Vågen
  • Tlf. 48141729