Ryssdalshornet

Fellestur

Dato
23. september kl. 09:00
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer for
Alle
Arrangør
Indre Sunnfjord Turlag
Dette arrangementet er over!

Førstkomande lørdag møtast vi på Esso i Førde kl 09.00 for samla køyring til Gloppen, målet for dagen er Ryssdalshornet, 1201 moh, eit karakteristisk fjell med ein  pyramideforma topp som reiser seg frå Breimsvatnet. Vi satsar på avgang frå Ryssdal kl 10.30, berekna turtid ca 4 -5 timar + pausar. Det er lett å finne vegen opp til Ryssdalsstøylen og stien vidare. Nokre plassar må det klyvast litt, og på eitt punkt er det hengt fram eit tau som kan gi drahjelp opp ei bratt kneik. .

Ta av frå E39 mot Kandal og deretter mot Ryssdal. Etter ein har kryssa elva tek ein første veg til venstre. Det er greit å parkere i nærleiken av kraftstasjonen før skogsvegen tek til å stige. Ruta følgjer først den bratte traktorvegen opp til Ryssdalsstøylen.

Frå støylen er det eit skilt til venstre som viser vegen til toppen. Stien går i nordaustleg retning opp ei bratt li, forbi ein bergvegg der ein må "klyveklatre" litt (det er lagt ut eit tau til hjelp). Etter kvart kjem ein opp på ryggen og følgjer denne søraustover mot toppen.

Turleiar Lydia Nesje, mobnr 95907019, ynskjer velkomen til tur ilag med IST.

Kontaktinformasjon:

  • Lydia Nesje
  • Tlf. 95907019