Kvamme-Ruteflotdalen-Nesdalen

Fellestur

Fra dato
22. juli kl. 08:00
Til dato
23. juli
Vanskelighetsgrad
Svært krevende  
Passer spesielt for
Fjellsportinteresserte
Arrangør
Indre Sunnfjord Turlag
Dette arrangementet er over!

Turen startar laurdag 22.7. kl 1700, ved Kvamme i Oldedalen. Derifrå går vi nesten 1300 høgdemeter opp til Flatsteinbu, for overnatting. Bua er ei trekanthytte med 8-10 liggeplassar. Nokre kan vere opptekne.

Sundag er det brevandring ei mils lengde før nedstigninga til Ruteflotdalen. Dette er eit mektig landskap med brear og elvar ut i ein trong dal. Men nedstigninga er bratt, og den synlege høgda stor. Kvar må klare seg sjølv. Meld deg ikkje på dersom du ikkje er sikker på at du er trygg på slike plassar. Nede i dalen når vi etter kvart bjørkeskogen og går vidare ned i Nesdalen, der vi vert skyssa over Lovatnet til Kjenndalsstova.

Personleg utstyr som kvar må ha med:

Stegjarn, isøks og sele (gjerne sitjesele)

Sovepose (og reserveutstyr for overnatting ute dersom hytta ikkje har plass), varme klede, mat for heile turen.

Kontante pengar, for betaling på hytta, båtskyss mm.

Turavgift: Kr. 300,- for ikkje medlemer, 200,- for medlemer.

Påmelding til turleiarane, Terje Jan Nes (415 30 517), Erik Solheim (952 56 950)

Kontaktinformasjon:

  • Terje Jan Nes og Erik Solheim
  • Tlf. 41530517/952 56 950